Amnestyaksjon

Amnestyaksjon

fredag 30. mars 2012

Du vesle vakre jente...

Du vesle vakre jente.

Du vesle vakre jente, du vart berre fire år,
For ei bombe råka huset og tok livet ditt i går.
... Vi fekk sjå ein haug ruiner, der du var då bomba fall,
Og den barneglade låtten din han tagna, då det small.

Slik går det vesle jente , når dei hjernevaska menn,
ser på krig som lovleg handling, og når hat og makthug brenn,.
når dei sender landets ungdom ut i blod og skrik og gru,
og uskuldige lyt ofrast. Men det visste ikkje du.

Du var vel kanskje heldig, når vi veit at far og mor,
måtte fylgje deg i døden, men du har ein liten bror
som fekk begge beina krasa. Alt var berre blod og skrik
då dei grov han fram frå røysa mellom krusebrot og lik

Du skulle hatt ei framtid, dansa glad og sorglaust fram,
Men i staden vart du utpeikt som eit uskulds offerlam.
For det finst så mange bomber, og på sterke makters vis
ser dei magre, svoltne ungar som ein bra og naudsynt pris.

Det korte vesle livet og kvar draum du skulle drøymt,
Dei vart borte liksom støvet, og for alltid gøymt og gløymt.
Utan makt er våre tårer, sorga grenselaus og sår.
Vi vert fattige, når barneblod skal dogge jorda vår.

Å vesle døde jente, om det finst ein himmel til,
med ein Allah eller Jahve, som på rangt og rett ser skil.
må du bede for dei styrande i alle verdens land,
at han byter våre våpen i mot kjærleik og forstand.

Skrevet av: Marie Lovise Widnes

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar